Beskrivelse
Betre for fisken – lettare for oppdrettaren PLANY Luseskjold reduserer påslag av lakselus i oppdrettsanlegg. Skjoldet hindrar kopepodittar* av lakselus å nå inn til fisken, og skjermar også anlegget for ureining og andre uønskte akvatiske organismar. Komplett levert PLANY Luseskjold vert levert med stålringar, monteringsstroppar, løfteband og kjettinglomme med kjetting. Skjoldet er produsert av tettvevd polyesterduk. Standard djupne er 6, 8 eller 10 m, med eit tillegg på 0,75 m for PVC-kant i toppen. Luseskjoldet har overmål på 10 m i lengda, for å sikre overlapp og tetting mellom dei to delane. Merdar med omkrins på 160 m vil til dømes trenge skjold på 2 x 90 m lengde. Total tørrvekt: 580 kg (djupne 10 m og lengd 90 m). Enkel montering Skjoldet er todelt, og skal monterast rundt oppdrettsmerden, for å avleie straumen i dei øvre vassmassane. Skjoldet kan monterast på innsida eller utsida av merdringane, og vert festa inn i foten av rekkestøttene. Produktfordelar PLANY Luseskjold er resultatet av ein lang og grundig utviklingsprosess, der både oppdrettarar, våre eigne fagpersonar på havbruk og eit solid team av utviklarar har vore involvert. Utgangspunktet for dette produktet, var dei store lakselus-problema i næringa. Vi ville utvikle ei løysing som både kunne: redusere behovet for avlusing lette arbeidet til oppdrettaren bidra til betre fiskehelse PLANY Luseskjold syner seg å ha god effekt på alle desse områda.
Leverandør
Plany AS
232